Tett på det ekte

Her med oss møter du dyr som tuslar rundt deg og vil ha kos, ein tøffande traktor og glade barn. Akkopagnert av bølgesus frå stranda og havet,  kan du senke skuldrane, nyte ei nysteikt svele, og berre kjenne at du lever.

Hakallegarden

Kafe og butikk

Hakalle Fjørehus

Gardsbesøk

Her på Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet, og gler seg til kos og mat. Traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin, og hesten rid runder med ungane. 

Kvar dag kan du bli med å mate dyra til faste tider. Dette startar ca. 12.30, så det er lurt å vere her rundt opningstid kl. 12 🙂

I tunet har vi leikeplass, og ein tundam med flotar. Er veret ruske, har vi stor inneplass med både leikeområde og mulegheit for riding. Så veret er inga hindring for å ta turen til oss!

Har du lyst på eit innblikk i slike besøk eller kvardagslivet til dyra, så følg med på FB. Der vert det lagt ut snuttar nesten dagelg. Også på IG og YT kan du følge med på livet på garden.

I løda har vi gardskafè og butikk, og i den store grindløda finn du  fargerike sitteplassar for kafègjestane. Her er det berre å finne din favorittsalong, slik mange av våre stamgjestar gjer 🙂 

VELKOMEN TIL GARDS!

Kaste sand

Årskort

Du kan kjøpe årskort her. Ta med kvittering når du kjem til Hakallegarden, så får du eit fysisk kort.

Årskortet gjeld frå dato til dato.

Familieårskort gjeld for kjernefamilie, altså foreldre og barn. Andre familiemedlemmar som besteforeldre, tanter, onklar, søskenbarn m.m. løyser eigen billett.

Merk at årskortet berre kan brukast innanfor åpningstidene, og gjeld ikkje om barnet ditt er på besøk utanom opningstid med t.d. barnehagen. 

Iblant er det besteforeldre som har faste turar med barnebarn, og dei kan då kjøpe årskort. Kortet gjeld då bestefroeldre og barnebarn. Forledra løyser då eigen billett.

Opplevingar i nærområdet