Eit levande tun
Her på Hakallegarden møter du dyra som tuslar rundt i tunet, klare til å ta imot deg. Traktoren tøffar rundt med hengaren full av glade ungar, og i kafèen finn du enkel, men lokal og heimelaga mat.
Velkomen til oss! Vi ønsker deg ei fin oppleving!
Olav, Aina og Marit
Småbrukar Olav arbeider som farmasøyt, men drøymer om å gå heime å spade møkk, stelle dyra og garden. Han er den som har hovedansvaret for dyra og alt som høyrer med av merking, vaksinering, klipp, beitemarkar, rekneskap og anna pairarbeid, og elles alt av arbeid på ein gard som ein både ser og ikkje ser. Olav sørger og for slåtten slik at dyra har mat når hausten og vinteren kjem.
Gardakjerringa Aina tek seg av det daglege stellet av dyra ilag med gards»drengen» Jette. Ho har ansvar for marknadsføring, alt det som gardsbesøk inneber av organisering, kafè, gardsbutikk, innkjøp, og at det er triveleg for gjestar både inne og ute.
Marit er odelstausa på garden, og den som har ansvar for m.a. hestane og merking av lam. Ho er og avløysar for sesongarbeidarane, enten det er kasse, hest eller billettsal. For tida går Marit på hestelinje på vgs.
Dyra våre
Marit og dyra
Marit og dyra er ein TV-seire om odelstausa på Hakallegarden, Marit. Den går over åtte episoder der vi følger Marit frå våren til hausten. Ein får eit nært innblikk i korleis det er å vekse opp på gard. Mange ser på Marit og dyra før dei kjem på besøk, og seria er og blitt brukt i m.a. vaksenopplæing for framadspråklege, og som undervisningsopplegg i barnehagar.
Du kan sjå Marit og dyra her