Før du kjem hit
Her finn du nyttig informasjon for å planlegge besøket ditt hit til Hakallegarden.

Praktisk informasjon
Opningstider
Vi har ope i skuleferiane og nokre helger frå påska til haustferia. På opne dagar er opningstida alltid kl 12-18. I sommarferien har vi stengt mandag og tirsdag.
Følg med på sosiale medier for nærmare detaljar om opningstider.
Dagsprogram
Kvar dag kan små og store vere med å mate flaskelam, oksen Reidar, sauder og geiter og alpakkaflokken. Dette skjer ein gong mellom kl. 12.30 og kl. 14.00. Meir detaljert program finn du på informasjonsbukken i tunet. Iblant flyttar ein og dyra frå beitet til tunet saman med dei yngste gjestane. Dette skjer rundt opningstid, så det gjeld å vere her tidleg.
Hestane og traktoren går heile dagen, men med ei lita pause slik at både dyr, sjåfør og hestefolk kan få seg mat og ein pust i bakken. Dyra er stort sett konstant klare for klapp og kos, men kattungane treng ei kvilepause. Tida for denne finn du der kattungane held til. Husk at dyra er levande og må behandlast fint, så det er viktig at dei vaksne er til stades saman med ungane sine.
Parkering
Hakallegarden har ein stor parkeringsplass for gjestar. Her er det gratis å stå. Enkelte dagar er det trangt om plassen, så det er fint om du parkerer «plassfornuftig».
Ein finn søppeldunkar på kvar side av plassen, og vi set pris på at du puttar avfallet ditt der, og ikkje på bakken. Då vert det så mykje trivlegare for alle å kome dit.
Huskeliste
Som gjest på her med oss, ynskjer vi at du skal ha eit triveleg opphald og kanskje bidra til at dei minste får minner for livet. For å få dette til må vi passe godt på dyra – og kvarandre.
Vi har laga ei lita huskeliste for kva du som vaksen spesielt må passe på. Vi takkar på førehand for at du vil hjelpe oss til å skape sterke opplevingar og gode minner for alle som besøker oss. Her er huskelista vår:
- Dei vaksne må passe på at ungane er snille med dyra
- Husk at sjølv om dyra er snille og rolege, så er dei levande skapningar
- Pass alltid på borna når dei er saman med dyra
- Hundar er hjertelig velkomne! Husk berre på at dette er gardshundane sitt område, og du som hundeeigar huskar det når din og våre skal finne rangen
- Når dyra viser teikn på at dei ynskjer fred, så vis dei respekt
- La dyra kome til deg når dei vil kose, og ikkje spring etter dei
- Gå langsomt vekk, om du ikkje liker måten eit dyr oppfører seg
- Vi har nær kontakt med Mattilsyn og veterinær, og fyl deira retingslinjer for korleis dyra skal ha det.
- Når du oppheld deg på garden, er det på eige ansvar
- Hakalledammen er 70 cm djup, så dei vaksne må passe på dei minste når dei leikar der
- Mat aldri hestar/esel frå handa. Dei kan då fort lære seg å søke hender, og kan ved eit uhell bite.
- Det er lurt å spise på terassa, så slepp du å måtte dele maten med dyra
- Husk å vaske hender mellom kontakt med ulike dyr, og før mat
- Dette er eit kafèområde. Har du medbrakt, så nyt den gjerne ved benkane ved sjøen
- SNUS/SNEIPAR – ver snill å ikkje kast det på bakken. Dyra et det, og det er heller ikkje triveleg for mennesker
- Mange lurer på kvifor det kostar å kome inn her, for «dyra er her no berre likevel». Dyr kostar. Dei skal ha stell og mat heile året. Det betyr veterinær, mat, slåtteutsyr, høy, halm, spon, gjerding, og enormt med arbeid +++. Dyra vi har, er utvalgt for at det skal vere triveleg for deg som gjest, og trena til dette. Når du er her, kostar m.a. den som køyrer traktor, rid med ungane, vaskar, plukkar skit for at det skal vere fint der du går, møblar, leiker, +++
- Håper du får ei triveleg stund her. Er det noke du ikkje er fornøgd med, set vi pris på at du tek kontakt med oss slik at vi kan få mulegheita til å gjere ting bedre, før du evt. publiserer det på sosiale media. Den største gleda vi kan ha, er å gjere akkurat DEG glad <3
Slik finn du oss
Hakallegarden ligg på Hakallestranda i Vanylven kommune, heilt sør på Sunnmøre. Kjem du frå nord, kan du ta ferga som går frå Årvika til Koparneset. Den ferga går kvar halvtime. Sving av til høgre med det same du køyrer av ferga. Det tek ca. 25 min. til Hakallegarden.
Ferga mellom Larsnes og Åram går annakvar time. Ein kan og ta ferge frå Volda til Lauvstad.
Om du kjem frå Nordfjord, køyrer du til Åheim og vidare mot Fiskå. Der tek du av ut fjorden. Frå Fiskå til oss tek det 15 min.
Hakallestranda 232
6149 Åram
+47 900 68 996
aina@hakalle.no
+47 971 92 066
olav@hakalle.no
Booking
Sjå under for ulike tilbod, utleige og billettar. Det er også mogleg å leige heile garden, ta kontakt for hjelp med å planlegge din tur hit til Hakallegarden.
Gardsbesøk
Legg opp til eit besøk utanom det vanlege. På Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet. Alle saman gler seg veldig til kos, og traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin.
Årskort
Du kan kjøpe årskort her. Ta med kvittering når du kjem til Hakallegarden, så får du eit fysisk kort. Årskortet gjeld frå dato til dato. Vi har årskort for enkeltpersonar og for familie (kjernefamilia, dvs foreldre og barna deira, evt. besteforeldre og barnebarna). Merk at årskortet berre kan brukast innanfor åpningstidene.
Utanom opningstid
Vi tek imot avtalt besøk utanom opne dagar. Det kan vere barnehagar/skular, institusjonar, barnevern, bedrifter, bursdagsselskap m.m.
Alle lokalitetane våre kan leigast. Fjørehuset, løde, grindløde, lavvo, bubil/vognplassar, teltplassar, samt heile garden.
Sjå hivens.no for leige av Hakalle Fjørehus og camping.
Ta kontakt på aina@hakalle.no for andre henvendelsar.
Hakalle Fjørehus
Visste du at nede ved strandkanten på Hakallegarden finst det ei eksklusiv perle som no kan leigast av privatpersonar og grupper?
Huset er eit ekte strandhus, med lyse, muntre fargar, og har 10 sengeplassar. Det er også god golvplass om ein vil ligge på flatseng.
Det er også mogleg leige huset til selskap-/kurslokale for rundt 30 pesonar.
Sjå Hakalle Fjørehus på facebook for bilder/film.
Ta kontakt på aina@hakalle.no for meir informasjon og leige.
Grupper og bedrifter
Legg opp til eit besøk utanom det vanlege.
Vi tek imot ulike typer grupper og har stort inneområde og ulike lokalitetar som kan benyttast. Alt etter arrangement og behov.
Cowboyfest i grindløda, konsert, gourmetmiddag med kokk i lavvoen, barnebursdag, eller kanskje 50-års lag i Fjørehuset? Blåtur, bryllup, klubbtur m.m.
Ein kan leige lokale og ordne sjølv, eller vi kan vere behjelpelege med opplegg.
Ta kontakt på aina@hakalle.no
Skule og barnehage
Velkomen til å ta med din gjeng til gards! Her finn du svar på vanlege spørsmål omkring skule- og barnehagebesøk:
- Pris pr barn kr 150,- . Ved små grupper, har vi en minimumspris på kr 2000,-
- Årskort gjeld ikkje ved slike besøk.
- Er det små grupper, slår vi saman fleire grupper om ønskeleg, slik at prisen vert lavare.
- Vi tilpassar tidspunkt for opplegg etter gruppa. Dei fleste kjem rundt kl. 10, og reiser ca. kl 14. Ein kan gjerne vere lenger om ein ønsker, men då utan opplegg
- Ta med eigen mat. Det er muleg å grille i lavvo eller i bålpanne i tunet eller ved sjøen. Vi har ved, ønsker du grillkol, ta med.
- Opplegg: Velkomst og info om dyra, o.l. Frileik for å få ut oppsamla energi etter reisa. Traktorkøyring, mating av dyra, hesteriding. Vi tilpassar opplegget etter gruppa si mattid og avreise.
- TIPS til dei vaksne: Snakk om korleis ein behandlar dyr i forkant av besøket. At ein må vere roleg og bruke innestemme sjølv om ein er ute. Snakk om tundammen, og at den kun skal nyttast saman med vaksne. Bli alltid med ungane når dei skal halde kattungar, og vis dei korleis. Forklar kvifor kattungane brukar klørne sine, og at det er slik dei kan fortelle kva dei vil. Er kattungane i huset vårt, set vi pris på at vaksne/ungar tek av seg på beina før ein går inn i stua, og at dei vaksne ryddar opp tepper og puter når dei går. Vi ser at ungane liker ulike ting når dei er her. Nokre vil vere med dyra, andre har funne nye leiker dei vil utforske, og “jobbarane” har funne traktor og hengarar. 🙂 Det er heilt greit! Det viktige er at dei får ein kjekk dag!
Ta kontakt på aina@hakalle.no
Grindløde
Grindløda er 10×30 m, og er tilknytta terasseløda som er tilsvarande størrelse. Her har det vore arrangert konsertar, cowboyfestar, bryllup, slektstreff, familiedag i ulike bedrifter, marknadar, hestekurs, gourmetmiddagar med kokk, “Gøy på landet”-fest, gudstenester med barnedåp, m.m.
Pris avheng av type arrangement. Ta kontakt på aina@hakalle.no
Løde
Løda ligg over grindløda, og har glasgolv slik at ein kan sjå ned. Til dagleg vert denne nytta til kafègjestar. Den er innreia i glade fargar og med sjarmerande gjenbruksmøblar. Her finn mange sin favorittsalong. Løda er blitt brukt til fotoshoot, konsertar, filmpremierer, teaterframsyning, konferanser, møtelokale, konfirmasjonar og andre selskap, m.m.
Vi har ekstra bord og stolar om ein vil til lage langbord. Her er og videokanon og storskjerm.
For leige, ta kontakt på aina@hakalle.no
Lavvo
Når vi har ope: kr 500,-
Billettar kjøpast i tillegg, du tek med mat og det du treng av utstyr sjølv. Prisen inkluderer m.a. ved, stearinlys, straum. Ynskjer du servering, ta kontakt for å avtale dette.
Utanom opningstid: kr 2000,-
Barnebursdag – Prisen inkluderer m.a. ved, stearinlys, straum, klargjering garden, vask av toalett, og ca 2 timar med hest og traktor. Ein kan vere så lenge ein ynskjer. Du tek med alt du treng sjølv til selskapet.
Andre arrangement – Prisen inkluderer m.a. ved, stearinlys, straum, klargjering av garden, vask av toalett. Ein kan vere så lenge ein ynskjer. Du tek med alt du treng sjølv til selskapet, evt. avtalar med oss om servering. Lukka lag kan ta med medbrakt alkohol.
For leige, ta kontakt på aina@hakalle.no
Overnatting
Bubil/campingvogn
Ved sjøen og HakalleFjørehus, har vi 7 oppstillingsplassar med tilgang til straum.
HUSK brannsikringsreglane! Parker med front mot mark/skog, passasjerside mot dei gule steinane, 4 m til neste bil.
Av fasilitetar finn du bålpanne, benkar, toalett, vatn frå vasskran på vegg, og tilgang til dusj på Hakallegarden. Campinggjestar er velkomne til å tusle rundt i tunet utanom opingstid.
Ynskjer du å besøke Hakallegarden når den er open, kan du bestille billettar her.
Har vi ikkje plass, finn du andre bubilplassar i nærleiken:
- Sandvika Småtbåthamn (Treng ikkje bestillast. Betaling via vipps)
- Hammaren hytteutleige
- Fiskå Brygge
- Notaplassen, Syvde
- Sandsøya
Hengekøye
I skogen ved sjøen og HakalleFjørehus er det mulegheit for leige plass for hengekøyer. Du kan ta med sjølv, eller leige med oss. Bookar du annan telt/bubil/campingvognplass og ynskjer å henge ei natt, så skal du sjølvsagt ikkje betale ekstra for dette.
På området er der benkar, bålpanne, vatn, frå vasskran på vegg. Dusj finn du på Hakallegarden.
Ynskjer du å besøke Hakallegarden i opningstida, kjøper du eigen billett.
Gjestar på campen er velkomne til å tusle rundt i tunet utanom opingtid.
For leige, ta kontakt på aina@hakalle.no
Teltplass
Vi har 8 teltplassar ved sjøen og HakalleFjørehus. Fire av dei ligg ved strandpromenada, og dei andre rundt om i skogen ved sjøen. Du finn parkeringplassar som samsvarar med nummer på teltplass.
Av fasilitetar finn du toalett, dusj på Hakallegarden, bålpanne, benkar, og vatn frå vasskran på vegg.
Ynskjer du å besøke Hakallegarden når den er open, kan du bestille billettar her. Campinggjestar er velkomne til å tusle rundt i tunet utanom opningstid.
Har vi ikkje plass til deg, finn du teltplassar på andre sida av sanden. Dei treng ikkje bookast, betaling på vipps.
Andre overnattingstilbod i nærleiken
- Hakallevaer
- Kragset hamn
- Fiskå brygge
- Hammaren hytteutleige
- Troll fjordhytter
- Stad hotell
- Rosenlund hamn
- airbnb i nærleiken
Bubilplassar i nærleiken:
- Sandvika Småbåthamn, Hakallestranda
- Hammaren Hytteutleige, Hakallestranda
- Fiskå Brygge, Fiskå
- Notaplassen, Syvde
- Sandsøya