Velkomen til gards

Kjære gjestar! Vi har ope torsdag til søndag i haustferia, 08.-11. oktober.

Bilete frå garden

Aktuelt frå Facebook

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons

Enda ein triveleg dag 🤗 Og tenk vi fekk besøk av ei kjekk dame heilt frå Sandefjord, som følger oss på some 😍 Vi er bra heldige 🤗
Velkomen til deg som har tenkt deg hit i morga!!
...

Nydeleg dag på alle måtar 🤗
Følg oss på SNAPCHAT, så ser du kva som skjer gjennom dagen 😃
...

For ein kjekk dag 🤗 Vi hadde ikkje trudd det kom så mange besøkande 😍 jammen fekk vi ikkje sol også 🌞 og regnbogar 🌈
Her får du eit lite glimt 🤩 Takk Anna Semenko for filmsmuttane!
TUSEN TAKK til alle som tok turen 🤗
...

Tilbod

Gardsbesøk

Du er velkomen til gards. Opningstidene finn du på sosiale medier. Klokkeslettet er alltid 12-18. Vi ønsker helst at du bestiller bilett før du kjem, slik at vi betre oversikt over kor mange som kjem den dagen 🙂

Dersom det skulle oppstå vanskar med billettbestillinga, kontakt bookingselskapet www.hivens.no

Hakalle Fjørehus

Hakalle Fjørehus ligg ved Sandviksanden og  Hakallecampen. Det som før var ein restaurant, er no gjort om til overnattingslokale. Det passar perfekt til ein vennegjeng, eller ei stor-familie som vil nyte livet på Hakallestranda nokre dagar. Det er også mogleg å nytte huset som festlokale. Ynskjer du å sjå fleire bilder, finn du det på facebooksida «Hakalle Fjørehus». Bestilling skjer på www.hivens.no

Grupper og bedrifter

Vi tek gjerne imot grupper og bedrifter. Ta kontakt på aina@hakalle.no, så finn vi noko som passar di gruppe. 

Hakallecampen

Vi har 7 bobil/campingvogn plassar og 8 teltplassar ved sjøen. Der er toalett, straum, bålpanne og ei vasskran. Dusjar finn du på Hakallegarden. Du bestiller på www.hivens.no

Billettar i opningstida kjøper du separat.

Alle gjestar på campen er velkomen til tusle rundt på garden utanom opningstid.